torsdag 18. mai 2017

MARS!

Me kjøyrer på med mars sokkar!

Par nummer 21 blei ferdig 9 mars
Desse er strikka i Drops Karisma på pinne nummer tre, eg bruker stjernetåa frå As Almanakk. 

Par #22 blei ferdig 15 mars

Desse er strikka i Drops Lima på pinne nummer tre. Mellom par 21 og 22 var eg opptatt med ein prøveeksamen på skulen og sokkane var til god nytte på sjølve prøveeksamen.

Par #23 blei ferdig 19 mars og blei gitt bort til ein ven
Strikka i drops Karisma igjen på pinne 3, men strikkefastheten min endra seg og desse blei i storleik 36-37 med same antal masker og antall omgongar som eg bruker på mine sokkar. 

Par #24 blei ferdig 23 mars og er litt av ein fargefest! 
Desse sokkane er ein blanding av restane etter tidlegare sokkar som er både strikka til meg og andre som eg knøyt saman med magiske knutar og eg er ganske nøgd med desse sokkane, dei er gode og varme i tillegg til at dei går lenger opp på leggen enn dei vanlege sokkane mine, noko som gjer dei til gode tur og kosesokkar :-) 

Par #25 er enda eit design av meg! 


Desse vart ferdige den 24 mars og har eit flettemønster som gjorde at sokkane blei litt stramme. Eg trur eg må gjere litt om på dei om eg skal prøve å skrive ned eit mønster til desse sokkane.

Par #26 blei ferdig i hu og hast før ein leir slik at eg fekk gitt dei frå meg der!

Dette er sokkar i størrelse 45 og er gitt til kjærasten min. Han har no fått nokre par med sokkar som han kan bruke i litt varierande tjukkleik. Desse vart ferdig omtrent halv sju om morgonen den 30 mars. Dei er strikka i Drops Karisma på pinne nummer tre. 

Par #27 blei ferdig 31 mars og er til meg! 

Desse er strikka i drops lima på pinne 3 og eg strikka dei med 48 masker i omgongen. 

Og med par nummer 27 var me ferdig for mars månad med sokkar! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for at du vil legge igjen ein kommentar til meg!