mandag 6. mars 2017

Par #13 og #14

No vert det to par om gongen her! For å komme litt Ajour med sokkestrikkinga mi så må eg nesten gjere det. Sokkestrikkinga har allereie fått tendensar, tidligare var det lilla, no vert det grønt.

Par nummer 13 ser slik ut:
Desse ser litt meir avanserte ut enn ein del av mine tidlegare sokkar, og det er dei, men ikkje så mykje. Dei er strikka i Skogsgrøn Karisma (fargenr 47). Desse har fått falske fletter, desse har også mønster på framsida. Dei falske flettene vert ein type ribb med eit kast mellom rett maskene.
Før tåa så slutta eg å strikke flettene på sidene før dei på midten. Det er ikkje så veldig avansert å strikke dei, dei fleste av dykk som les bloggen veit nok allereie korleis de kan strikke dei.

Mønsteret er:
1. omg: *2r, 2vr* repeter *-* ut omgong eller så langt du vil ha dei falske flettene.
2. omg: *1r, 1kast, 1r, 2vr* repeter *-* ut omgong eller så langt du vil ha dei falske flettene.
3. omg: *3r, 2vr* repeter *-* ut omgong eller så langt du vil ha dei falske flettene.
4. omg: *1 maske rett av, 2r, ta den maska du tok av over dei to du strikka rett, 2vr* repeter *-* ut omgong eller så langt du vil ha dei falske flettene.

Det neste paret er også grønt:
I desse sokkane har eg tatt to nøster med fargen 533 og eitt nøste 531 i Viking sin Sportsragg. Eg byrja med å tvinne opp noko av 533 (den mørke fargen) i to omtrent like nøster, og så klipte eg tråden når eg vart lei, og så tok eg omlag halvparten så mykje med 531 (den lyse fargen). Desse knyta eg saman med ein type knute som heitte "magic knot" Link til video her.
Desse er strikka veldig enkelt, eg tenkte at garnet kunne få vise kva det var godt for og få spele på fargane.
Desse sokkane gav eg til bestemor no i helga, ho fortener verkeleg strikkesokkar! Det er mykje omsorg å hente hos bestemor, så då vil eg at ho skal få noko tilbake.

Har du strikka i sjølvstripande garn?

Helsing Karen-Oliva :-)

fredag 3. mars 2017

Par #11 og #12

Me er kommen inn i dei tosifra talla og er over halvvegs til målet og sokkane er frå februar!

Par nummer 11 vart strikka av restane etter par 10


Det er ikkje så rart at eg hadde nok garn igjen til eit par til, men etter dette paret var det slutt på tråden. Og godt er det tenker eg. Endå ein gong er det veldig enkle sokkar som vert strikka. Det er heilt greit for min del at det er enkle sokkar, og eg synes det var vanskeleg å strikke inn eit mønster med desse stripene. Eg var eigentleg glad eg fekk strikka opp restane etter par #10.

Par nummer 12 var litt meir avansert, med meir retter og vronger om ein annan.
Desse sokkane er strikka i Lima, i farge 4377 som heiter Violet fonc. Det namnet var litt merkeleg. Desse sokkane er ganske behagelege å gå med og litt interessante å sjå på. Eg har strikka mønsteret på framsida av sokken og ikkje rundt heile leggen.
No vil eg lære meg ein ny hæl trur eg.

Kan du fleire typar hælar?

Helsing Karen-Oliva

Par #9 og #10

Par nummer 9 blei ein skikkeleg hit! Dei blei sendt til mamma!

Desse er det fyrste paret i år som er strikka med tynt garn og tynne pinnar. Dei er strikka i Saga frå Trysil garn kjøpt på Europris. Eg slo til når dei hadde tilbud på garnet og kjøpte meg nokre nøster i håp om at eg kunne få strikka meg nokre tynne sokkar å gå med. Det er ei stund sidan eg strikka sokkar med tynnare garn på pinne 2.5, så eg satt meg ned og rekna ut antall omgongar slik at dei skulle passe meg. Eg kan umogleg ha målt heilt rett for desse endte opp med å vere nesten to storleikar for store til meg, dei passa til mamma i staden! Så då blei jo ho glad når eg sendte dei til ho, men eg gjer nye forsøk på tynne sokkar. Eg har funne ut at det er fint med litt tynt garn når eg skal strikke på skulen, då tar det litt tid før eg kjem til hæl og tå så eg har meir å gjere.
Til no så er desse kanskje årets "flopp" for min del, men mamma fekk nye sokkar og då vart ho nøgd.

MEN par #10 vart ein stor hit hos meg!

Desse er strikka i Karisma frå drops (slik som veldig mange av dei andre sokkane mine er) og er veldig gode! Dei er strikka i fargane 21 (mellangr i fylgje ravelry) og 73 petrol. Eg ville prøve noko nytt med fleirfargemønster på sokkane mine og då vart dette løysinga. Eg fann på eit modifisert islender mønster som ikkje er så avansert og byrja å strikke.
Desse har eg brukt mykje, dei er litt meir kosesokkar enn dei er sokkar som er meint for å vere i joggesko, men dei er veldig gode  i fjellsko når det er kaldt ute. Eg har testa dei  i snøen allereie og då var eg kald på armane men varm på beina!


Par #7 og #8

No er det lenge sidan eg har lagt ut sokker ser eg. Eg ligg LANGT bak skjema og skal prøve å få skrive ein del blogginnlegg på ein dag.

Her er då par nummer 7:
Desse er strikka i ein lavendel farga karisma og ein litt mørkare lilla-rosa som hæl. Desse vart litt harde synest eg, det er ikkje dei sokkane eg er mest nøgd med til no dette året, men eg trur det går bra. Om eg ikkje bruker dei så ender nok desse og opp i gåveskuffa. 

Det er eigentleg ikkje så mykje å seie om desse sokkane, dei er veldig enkle i og med at dei kun har glattstrikk på sjølve sokken og ein så kalla "slip-stitch heel", eg har då tatt av ei maske og strikka ei maske og gjentatt det ut omgongen på hælkappa og strikka vrongt tilbake. 

Eg har lagt merke til at karisma kan vere ganske forskjellig i korleis det kjennest ut. Nokre nøster er så mjuke som smør, medan andre, som desse sokkane var ganske harde og stive i tråden. 

Par nummer 8 var i følge ravelry (ei nettside for strikkarar og heklarar) ferdig 2 februar, eg er altså omlag ein månad bak skjema.

Men her er dei altså:

Desse er strikka i DROPS Lima, veldig godt, varmt og mjukt garn. Det er ikkje beregna for sokkar, men eg tar sjansen på at eg kjem til å måtte stoppe sokkane mine snart. Desse har eg brukt litt no i februar. Nokre sokkar blir ein hit og sjølv om desse kanskje ikkje er mine favorittar så synes eg desse blei ganske gode. 


Har du nokon gong opplevd stor forskjell i ein garntype? 

Helsing Karen-Oliva

Par #7

No er det lenge sidan eg har lagt ut sokker ser eg. Eg ligg LANGT bak skjema og skal prøve å få skrive ein del blogginnlegg på ein dag.

Her er då par nummer 7:
Desse er strikka i ein lavendel farga karisma og ein litt mørkare lilla-rosa som hæl. Desse vart litt harde synest eg, det er ikkje dei sokkane eg er mest nøgd med til no dette året, men eg trur det går bra. Om eg ikkje bruker dei så ender nok desse og opp i gåveskuffa. 

Det er eigentleg ikkje så mykje å seie om desse sokkane, dei er veldig enkle i og med at dei kun har glattstrikk på sjølve sokken og ein så kalla "slip-stitch heel", eg har då tatt av ei maske og strikka ei maske og gjentatt det ut omgongen på hælkappa og strikka vrongt tilbake. 

Eg har lagt merke til at karisma kan vere ganske forskjellig i korleis det kjennest ut. Nokre nøster er så mjuke som smør, medan andre, som desse sokkane var ganske harde og stive i tråden. 

Har du nokon gong opplevd stor forskjell i ein garntype? 

Helsing Karen-Oliva