torsdag 18. mai 2017

APRIL

April byrja med strikking på leir og etterkvart blei par #28 til!
3 april var desse sokkane ferdig:
Dei er strikka i ein sennepsgul eller oker gul karisma på pinne nummer tre og eg har litt lyst til å skrive ned mønsteret til desse sokkane. Eg synes dei var ganske deilige å strikke med ganske god stretsj som me kallar det på vestlandet. 

Par #29 ser slik ut!
Dei er strikka i karisma frå Drops på pinne nummer tre i to fargar. Sokkane har ei flette på kvar si side, så desse sokkane har ein venstre og ein høgre sokk. Eg likar denne typen sokk fordi eg får tenke litt, bruke to fargar og dei er fine å gå i når ein går i kjole, men ikkje vil ha på seg sko inne i huset til nokon.  

Par #30 ser slik ut og blei ferdig 14 april.
Dei er strikka i petrolblå lima på pinner 3. 

Par nummer 31 blei ferdig 21 april og eg kjøpte garnet på påskeferie/leir i Etne! 
Desse er i Viking Sportsragg og eg likar det garnet veldig godt, men det er dyrare enn karisma og lima og som fattig student så må ein "tage det man have". Desse sokkane er dødssgode!

Par #32 blei ferdig 12 april og det er enda eit par til kjærasten.
Dei er strikka i drops Karisma og blei for store til meg. Me kan sei det slik at ein del av sokkane blei lagt inn etter at dei vart strikka slik at eg låg dei inn når eg kom på datoen så det stemmer ikkje heilt 100% med nummereringen. 

Par #33 blei ferdig 23 april!

Dei er strikka i østlandsgarn frå nille. 

Par #34 blei ferdig 29 april og desse og blei for store til meg!!
Pappa blei veldig nøgd med dei då! Dei er strikka i regia pairfect i fargen granitt. 

Par #35 blei ferdig 27 april

Desse blei ein konfirmasjonspresang til lillebrodern!

MARS!

Me kjøyrer på med mars sokkar!

Par nummer 21 blei ferdig 9 mars
Desse er strikka i Drops Karisma på pinne nummer tre, eg bruker stjernetåa frå As Almanakk. 

Par #22 blei ferdig 15 mars

Desse er strikka i Drops Lima på pinne nummer tre. Mellom par 21 og 22 var eg opptatt med ein prøveeksamen på skulen og sokkane var til god nytte på sjølve prøveeksamen.

Par #23 blei ferdig 19 mars og blei gitt bort til ein ven
Strikka i drops Karisma igjen på pinne 3, men strikkefastheten min endra seg og desse blei i storleik 36-37 med same antal masker og antall omgongar som eg bruker på mine sokkar. 

Par #24 blei ferdig 23 mars og er litt av ein fargefest! 
Desse sokkane er ein blanding av restane etter tidlegare sokkar som er både strikka til meg og andre som eg knøyt saman med magiske knutar og eg er ganske nøgd med desse sokkane, dei er gode og varme i tillegg til at dei går lenger opp på leggen enn dei vanlege sokkane mine, noko som gjer dei til gode tur og kosesokkar :-) 

Par #25 er enda eit design av meg! 


Desse vart ferdige den 24 mars og har eit flettemønster som gjorde at sokkane blei litt stramme. Eg trur eg må gjere litt om på dei om eg skal prøve å skrive ned eit mønster til desse sokkane.

Par #26 blei ferdig i hu og hast før ein leir slik at eg fekk gitt dei frå meg der!

Dette er sokkar i størrelse 45 og er gitt til kjærasten min. Han har no fått nokre par med sokkar som han kan bruke i litt varierande tjukkleik. Desse vart ferdig omtrent halv sju om morgonen den 30 mars. Dei er strikka i Drops Karisma på pinne nummer tre. 

Par #27 blei ferdig 31 mars og er til meg! 

Desse er strikka i drops lima på pinne 3 og eg strikka dei med 48 masker i omgongen. 

Og med par nummer 27 var me ferdig for mars månad med sokkar! 

Par nummer 20!

Eg nådde målet mitt med å strikke 20 sokkar den 8 mars! På kvinnedagen vart desse sokkane ferdig:
Sokkar med eit mønster på som eg ikkje kom på sjølv!!!!
Dette er Kerttu sokkane til Iso Gnu. Det er faktisk ikkje eit flettemønster, men eit holmønster med fellingar som får det til å sjå sånn ut!
Desse er strikka i Drops Lima på pinne tre og eg har fulgt mønsteret til storleiken S/M sidan eg pleier å strikke mine sokkar med 48 masker på pinne tre. Eg strikkar litt lausare enn ein del andre, så det er grunnen for det.


Juhu!

No er det VELDIG lenge sidan eg skreiv noko her! Me kan sei det sånn at eg har meir enn dobla antallet sokkar sidan sist! Så no må me få gjort noko her! Eg trur eg må ta månad for månad no for å få litt kontroll igjen.

Me må begynne med par 15 som blei ferdig 24.februar


Desse er det andre paret i år som er strikka i tynn tråd. Desse og endte opp med å vere for store til meg. Eg strikka dei  i Saga printgarn frå Europris sidan eg hadde det i "stashet" og tenkte det var lurt å få strikka det opp. Sokkane er strikka på pinne 2.5 med 64 masker. Eg gav sokkane til mor til kjærasten min som blei veldig nøgd med dei. 

Par nummer 16 blei ferdig 20 februar så desse må ha blitt skrive feil på. 

Desse er strikka i karisma og på pinne 3. Desse er i gi-bort korga og.

Par nummer 17 blei ferdig 21 februar
Dette innlegget er litt keisamt, desse er også strikka i karisma på pinne 3 og er i gi-bort korga. 

Par  nummer 18 blei ferdig 28 februar og ser slik ut: 

Desse har fletter i ribb frampå sokken for å gjere dei litt interessante å strikke. Dei passar meg ganske bra, men eg er litt usikker på om eg skal gi dei vekk eller ikkje. Om du lurer så er dei strikka i Drops Lima på pinne tre og flettene er ei over ei maske med to omgongar mellom kvar gong eg fletta og to vrangmasker mellom flettene. I februar ser det ut som om eg omtrent kun strikka i grønt, eg sakna våren og då vart det litt grønt på pinnane i staden for i hagen.

Par nummer 19 blei ferdig 3 mars. Du legg kanskje merke til at det er nokre dagar mellom 28 februar og 3 mars, det er fordi eg blei sjuk og låg strak ut og orka ingenting i to dagar. Sokkane var starta litt tidligare og ser slik ut: 


Desse også er strikka i Drops Lima på pinne tre, desse likar eg veldig godt og har gått med etter eg strikka dei!

Me snakkast veldig snart!

mandag 6. mars 2017

Par #13 og #14

No vert det to par om gongen her! For å komme litt Ajour med sokkestrikkinga mi så må eg nesten gjere det. Sokkestrikkinga har allereie fått tendensar, tidligare var det lilla, no vert det grønt.

Par nummer 13 ser slik ut:
Desse ser litt meir avanserte ut enn ein del av mine tidlegare sokkar, og det er dei, men ikkje så mykje. Dei er strikka i Skogsgrøn Karisma (fargenr 47). Desse har fått falske fletter, desse har også mønster på framsida. Dei falske flettene vert ein type ribb med eit kast mellom rett maskene.
Før tåa så slutta eg å strikke flettene på sidene før dei på midten. Det er ikkje så veldig avansert å strikke dei, dei fleste av dykk som les bloggen veit nok allereie korleis de kan strikke dei.

Mønsteret er:
1. omg: *2r, 2vr* repeter *-* ut omgong eller så langt du vil ha dei falske flettene.
2. omg: *1r, 1kast, 1r, 2vr* repeter *-* ut omgong eller så langt du vil ha dei falske flettene.
3. omg: *3r, 2vr* repeter *-* ut omgong eller så langt du vil ha dei falske flettene.
4. omg: *1 maske rett av, 2r, ta den maska du tok av over dei to du strikka rett, 2vr* repeter *-* ut omgong eller så langt du vil ha dei falske flettene.

Det neste paret er også grønt:
I desse sokkane har eg tatt to nøster med fargen 533 og eitt nøste 531 i Viking sin Sportsragg. Eg byrja med å tvinne opp noko av 533 (den mørke fargen) i to omtrent like nøster, og så klipte eg tråden når eg vart lei, og så tok eg omlag halvparten så mykje med 531 (den lyse fargen). Desse knyta eg saman med ein type knute som heitte "magic knot" Link til video her.
Desse er strikka veldig enkelt, eg tenkte at garnet kunne få vise kva det var godt for og få spele på fargane.
Desse sokkane gav eg til bestemor no i helga, ho fortener verkeleg strikkesokkar! Det er mykje omsorg å hente hos bestemor, så då vil eg at ho skal få noko tilbake.

Har du strikka i sjølvstripande garn?

Helsing Karen-Oliva :-)

fredag 3. mars 2017

Par #11 og #12

Me er kommen inn i dei tosifra talla og er over halvvegs til målet og sokkane er frå februar!

Par nummer 11 vart strikka av restane etter par 10


Det er ikkje så rart at eg hadde nok garn igjen til eit par til, men etter dette paret var det slutt på tråden. Og godt er det tenker eg. Endå ein gong er det veldig enkle sokkar som vert strikka. Det er heilt greit for min del at det er enkle sokkar, og eg synes det var vanskeleg å strikke inn eit mønster med desse stripene. Eg var eigentleg glad eg fekk strikka opp restane etter par #10.

Par nummer 12 var litt meir avansert, med meir retter og vronger om ein annan.
Desse sokkane er strikka i Lima, i farge 4377 som heiter Violet fonc. Det namnet var litt merkeleg. Desse sokkane er ganske behagelege å gå med og litt interessante å sjå på. Eg har strikka mønsteret på framsida av sokken og ikkje rundt heile leggen.
No vil eg lære meg ein ny hæl trur eg.

Kan du fleire typar hælar?

Helsing Karen-Oliva

Par #9 og #10

Par nummer 9 blei ein skikkeleg hit! Dei blei sendt til mamma!

Desse er det fyrste paret i år som er strikka med tynt garn og tynne pinnar. Dei er strikka i Saga frå Trysil garn kjøpt på Europris. Eg slo til når dei hadde tilbud på garnet og kjøpte meg nokre nøster i håp om at eg kunne få strikka meg nokre tynne sokkar å gå med. Det er ei stund sidan eg strikka sokkar med tynnare garn på pinne 2.5, så eg satt meg ned og rekna ut antall omgongar slik at dei skulle passe meg. Eg kan umogleg ha målt heilt rett for desse endte opp med å vere nesten to storleikar for store til meg, dei passa til mamma i staden! Så då blei jo ho glad når eg sendte dei til ho, men eg gjer nye forsøk på tynne sokkar. Eg har funne ut at det er fint med litt tynt garn når eg skal strikke på skulen, då tar det litt tid før eg kjem til hæl og tå så eg har meir å gjere.
Til no så er desse kanskje årets "flopp" for min del, men mamma fekk nye sokkar og då vart ho nøgd.

MEN par #10 vart ein stor hit hos meg!

Desse er strikka i Karisma frå drops (slik som veldig mange av dei andre sokkane mine er) og er veldig gode! Dei er strikka i fargane 21 (mellangr i fylgje ravelry) og 73 petrol. Eg ville prøve noko nytt med fleirfargemønster på sokkane mine og då vart dette løysinga. Eg fann på eit modifisert islender mønster som ikkje er så avansert og byrja å strikke.
Desse har eg brukt mykje, dei er litt meir kosesokkar enn dei er sokkar som er meint for å vere i joggesko, men dei er veldig gode  i fjellsko når det er kaldt ute. Eg har testa dei  i snøen allereie og då var eg kald på armane men varm på beina!


Par #7 og #8

No er det lenge sidan eg har lagt ut sokker ser eg. Eg ligg LANGT bak skjema og skal prøve å få skrive ein del blogginnlegg på ein dag.

Her er då par nummer 7:
Desse er strikka i ein lavendel farga karisma og ein litt mørkare lilla-rosa som hæl. Desse vart litt harde synest eg, det er ikkje dei sokkane eg er mest nøgd med til no dette året, men eg trur det går bra. Om eg ikkje bruker dei så ender nok desse og opp i gåveskuffa. 

Det er eigentleg ikkje så mykje å seie om desse sokkane, dei er veldig enkle i og med at dei kun har glattstrikk på sjølve sokken og ein så kalla "slip-stitch heel", eg har då tatt av ei maske og strikka ei maske og gjentatt det ut omgongen på hælkappa og strikka vrongt tilbake. 

Eg har lagt merke til at karisma kan vere ganske forskjellig i korleis det kjennest ut. Nokre nøster er så mjuke som smør, medan andre, som desse sokkane var ganske harde og stive i tråden. 

Par nummer 8 var i følge ravelry (ei nettside for strikkarar og heklarar) ferdig 2 februar, eg er altså omlag ein månad bak skjema.

Men her er dei altså:

Desse er strikka i DROPS Lima, veldig godt, varmt og mjukt garn. Det er ikkje beregna for sokkar, men eg tar sjansen på at eg kjem til å måtte stoppe sokkane mine snart. Desse har eg brukt litt no i februar. Nokre sokkar blir ein hit og sjølv om desse kanskje ikkje er mine favorittar så synes eg desse blei ganske gode. 


Har du nokon gong opplevd stor forskjell i ein garntype? 

Helsing Karen-Oliva

Par #7

No er det lenge sidan eg har lagt ut sokker ser eg. Eg ligg LANGT bak skjema og skal prøve å få skrive ein del blogginnlegg på ein dag.

Her er då par nummer 7:
Desse er strikka i ein lavendel farga karisma og ein litt mørkare lilla-rosa som hæl. Desse vart litt harde synest eg, det er ikkje dei sokkane eg er mest nøgd med til no dette året, men eg trur det går bra. Om eg ikkje bruker dei så ender nok desse og opp i gåveskuffa. 

Det er eigentleg ikkje så mykje å seie om desse sokkane, dei er veldig enkle i og med at dei kun har glattstrikk på sjølve sokken og ein så kalla "slip-stitch heel", eg har då tatt av ei maske og strikka ei maske og gjentatt det ut omgongen på hælkappa og strikka vrongt tilbake. 

Eg har lagt merke til at karisma kan vere ganske forskjellig i korleis det kjennest ut. Nokre nøster er så mjuke som smør, medan andre, som desse sokkane var ganske harde og stive i tråden. 

Har du nokon gong opplevd stor forskjell i ein garntype? 

Helsing Karen-Oliva

søndag 12. februar 2017

Par #6



Par nummer 6 var det første, men forhåpentligvis ikkje siste paret der eg tok eit bilete når eg heldt på med strikkinga. 
Her er paret ferdig, som i følge ravelry var den 23 januar. 

Litt statistikk: 
  • Eg brukte nesten to heile nøster av Drops Lima i fargen 4434, eller lilla som det heiter, og ein liten rest på omlag ti gram med Drops Lima i 2923, altså oker. 
  • Dei tok omlag 5 dagar å strikke. 
  • Eg brukte blondemønsteret frå sokkemønsteret I heart you av Niina Laitinen
Desse blei ikkje mine favorittsokkar, eg har prøvd dei og eg trur eg har gått med dei ein gong, men no vurderer eg nesten å gje dei vekk. Eg blei ikkje heilt begeistra for dei. 

Men men. Eg skal gje dykk ein oppdatering om dei vert gjedd vekk. 

Helsing frå Karen-Oliva! 


tirsdag 7. februar 2017

Par #5


Dette er par nummer 5. Dei er ganske enkle, ikkje så høgt opp på leggen og ganske gode å gå med. 


Litt sånn statistikk: 
  • Karisma i farge 39, pink purple. Karisma er garnstudio sitt garn og er superwashbehandla. 
  • Strikka på pinne 3mm
  • Nokre rundar med 1x1 vridd ribb 
  • Eg strikka eit flettemønster eg fann på i fjor på eit sokkepar eg strikka før jul. Eg har berre etterligna noko eg har sett, så det er nok ikkje eit av mine heilt eigne påfunn 😉
Desse sokkane var i følge ravelry ferdige den 19 januar, noko som betyr at eg var 1/4 ferdig eller 25% av para eg har satt meg som mål å strikke var strikka ferdig den 19 januar når omlag 5.2 prosent av året var gått. Eg tenker jo at det er ganske imponerande. 

Det har blitt nokre par til etter desse, men eg har rett og slett ikkje fått tid til å skrive. Me prøvar på nytt og skrive litt meir regelmessig. Om det er noko du tenker på om desse sokkane eller om det er noko du vil eg skal skrive om så er det berre å skrive ein kommentar og så får me sjå om eg får svart deg 😀

Klem frå Karen-Oliva 

onsdag 25. januar 2017

Par #4

Par 4 vart i følge ravelry ferdige 17 januar.. Ja, det måtte berre gå ei veke før eg fekk blogga om dei.
Som eg skreiv i forrige post så har det vore travelt i livet og eg har ikkje tenkt på blogginga.

Men par 4 er det de vil høyre om!

Dei er strikka i grå karisma på pinne 3 som dei aller fleste sokkane mine er. På dette paret strikka eg vridd 1x1 ribb som eg likar ganske godt, men den tar lenger tid enn andre typar ribb så det vert fort keisamt. Av og til så går det ganske seint med ribben og hælen for min del så det stoppar av og til litt opp for meg der. Tåa også. Eg treng litt meir konsentrasjon på dei delane enn når eg strikkar rett masker på resten av sokken og då er det ikkje ideell klasseromsstrikk eller hjernedødt strikk som eg har hatt litt behov for for tida. Desse sokkane er ganske "basic" og gamaldagse i og med at dei er grå og litt enkle.

Sokkar er ikkje så veldig vanskeleg å strikke, men nokre vert veldig imponerte når du først kan det og skjønar det ikkje. Om du aldri har strikka sokkar før så anbefaler eg at sjekker ut denne linken. Eit nytt mål eg har no er å skrive ned "sokkeoppskrifta" mi og dele den med dykk som les og dei som ellers vil ha den 😉. 

Er det noko du har lyst til at eg skal blogge om eller eit mønster eg burde sjekke ut så legg gjerne igjen ein kommentar! 

Stor klem frå Karen-Oliva

Par #3

Par nummer 3 blei også ferdig for ei stund sida, og det er fleire par som må bloggast som er strikka etter det. 
Livet (les: skulen) har vore ganske stress og mykje å gjere i det siste, så strikking og blogging har vore prioritert lågare. Blogginga vert nok prioritert ned heilt til eg er godt van med å gjere det. Men til sokkepar nummer 3!

Dei ser slik ut:


 Dei er strikka i brun og kvit Viking Sportsragg av ukjent årstall. Eg reknar eigentleg med at tråden er enten frå i fjor eller 2015. Mest sannsynleg 2015. Hm, ja, ein tenåring kan altså ha tråd frå fleire år sidan, men eg har ikkje tråd som eg kjøpte for tjue år sidan i og med at eg ikkje levde for 20 år sidan. Det gjer meg ei litt betre kjensle på innsida, men no er tråden endeleg strikka J
Ikkje noko avansert med desse sokkane, 10 rundar med 1x1 ribb og ein heil del omgongar med rettstrikk før eg strikka ein forsterka hæl.
Eg likar dei, dei er passe varme på skulen og fine å ha når eg chiller.

Helsing frå Karen-Oliva


Har du ei favorittsokke oppskrift eller mønster?

onsdag 18. januar 2017

Par #2

Par #2 blei og ferdig for ei stund sidan, me kan for å sei det sånn gjer det klart at eg ligg litt bak med blogginga om sokkane.

Men par nummer 2 er ferdig og ser omtrent slik ut:

Dei er strikka i Sterk frå Du Store Alpakka i ein farge som eg trur er gått ut. Garnet er frå djupt ned i lageret og har blitt sett på og ynskja strikka i lang tid. Noko av dei to nøstene eg hadde er no ferdig strikka og gått med.

Eg liker godt rustfargen i desse og sokkane er omtrent like mjuke som smør. Til no i år så har eg ikkje  brukt så mykje mønster i strikket mitt, men det vonar eg at kjem til å forandre seg snart.

Spørsmål: Kva er ditt favorittstrikkemønster eller oppskrift?

Klem frå Karen-Oliva

lørdag 14. januar 2017

Par #1 Pair #1

[ENGLISH VERSION BELOW]
Par #1 vart ferdig forrige veke, denne posten kjem då altså litt på etterskudd.

Det første paret er strikka i Østlandsgarn frå nille. Ja, eg er heilt klar over at det er hundre prosent (100%) ullgarn, men for å vere heilt ærleg så er eg ikkje ei som slit veldig på sokkane sine. Eg har brukt eitt nøste i ein korallrosa farge og eitt nøste i ein grå-brun farge. Eg hadde berre eitt av kvart nøste og hadde lyst til å putte dei i lag og sjå korleis det gjekk. Sokkane har heilt forskjellig utrykk synes eg når ein ser på korleis fargane speler i lag. Dei med den korallrosa ribben, hælen og tåa er MYKJE meir skrikande i fargen enn den sokken med den grå-brune som base-fargen. Til vanleg så ville eg nok heller ha gått med eit par sokkar som har den grå-brune basen, men eg likar desse òg. Dei er på ein måte eit av mine fargeeksperiment, korleis dei speler i lag på ein måte. Eg har lyst til å lage fleire slike par no! Men heile prosessen var litt strevsam i og med at eg skifta farge kvar omgong i leggen og foten, men det gjekk eigentleg ganske bra og det tok ikkje så lang tid frå eg starta dei til dei var av pinnane.

Takk for at du ville lese innlegget mitt! Legg gjerne igjen ein kommentar her eller på instagram (der er eg livasolheimslid)!

Stor klem frå Karen-Oliva!

Spørsmål til deg: Kva er favorittfargen din og kvifor? Liker du å eksperimentere med fargar?


fredag 13. januar 2017

Hei og velkommen! Hello and welcome!

[ENGLISH TRANSLATION IS FURTHER DOWN]

Hei!
Velkommen til bloggen "Oppdrag Sokker"! Eg, Karen-Oliva skal prøve å strikke 20 par sokkar no i 2017 og eg er godt i gong allereie. Til no, den 13.01.2017, har eg strikka ferdig 3 (!) par sokkar! Eg veit, eg er ganske sjokkert eg òg! Eg skal prøve å legge ut minst ein post per par sokkar som eg gjer ferdig, men målet er å få med postar om eg er ute med sokkane og har dei med på eventyr. Eg vil gjerne fortelje historia om sokkane mine etterkvart som dei vert strikka.

Eit av måla mine med denne bloggen er å kunne hugse sokkane eg strikker, men og resten. Det er eit av dei litt større måla mine i år. Eg strikker ganske mykje, men eg tar meg ikkje alltid tida til å ta bilete av det er strikker og då vert det plutseleg ein del vanskelegare å hugse kva ein har strikka og til kven! Eg har nemleg inga peiling på kor mange par sokkar eg strikka i 2016! Det eg veit var at det blei ein del til slutt 😉

Eg lærte å strikke sokkar før jul i 2014 og kvart år (med 2014) så har bestemor fått eit par sokkar til jul av meg, fjoråret blei den tredje gongen denne tradisjonen blei opprettholdt og eg tenker eg vil fortsetje med det framover. Aller helst burde eg jo strikke litt meir enn eit par til ho i året, ho fortjener det veldig!

Så her kjem strikkinga mi etterkvart!
Eg vonar (det betyr håper) at du kjem til å fortsetje å lese bloggen og følgje meg vidare i strikkinga!
Ein stor klem frå Karen-Oliva!

Spørsmål til deg: Kan du strikke sokkar og liker du å gå med heimestrikka sokkar?

[ENGLISH VERSION STARTS HERE]

Hello!

Welcome to the blog "Oppdrag Sokker" which means mission socks! I, Karen-Oliva (you can call me Liva), want to knit 20 pairs of socks in 2017 and I have already had a good start! Until now, the 13.01.2017 I have knitted 3 (!) pairs of socks! I know, I'm pretty amazed too! I'll try to post at least one post per pair of socks that I finish, but I would really like to do some posts of the socks out on adventures. I just really want to tell the stories of my socks as I knit them.

One of my goals with this blog is so that I can remember the socks that I knit, but also the rest of the stuff that I knit. It's one of my bigger goals this year. I knit quite a lot, but I don't always remember to take pictures of what I'm knitting and then I forget which year and what I knitted to whom. I really can't remember of the top of my head which socks I've knitted in 2016! But I do know that there was a fair few pairs finished 😉

This is where I'm going to post my knitting!
I hope that you want to continue to read my blog and follow along on my knitting journey!
A big hug from Liva!

A question for you: Do you know how to knit socks and do you enjoy wearing hand knitted socks?