torsdag 18. mai 2017

Juhu!

No er det VELDIG lenge sidan eg skreiv noko her! Me kan sei det sånn at eg har meir enn dobla antallet sokkar sidan sist! Så no må me få gjort noko her! Eg trur eg må ta månad for månad no for å få litt kontroll igjen.

Me må begynne med par 15 som blei ferdig 24.februar


Desse er det andre paret i år som er strikka i tynn tråd. Desse og endte opp med å vere for store til meg. Eg strikka dei  i Saga printgarn frå Europris sidan eg hadde det i "stashet" og tenkte det var lurt å få strikka det opp. Sokkane er strikka på pinne 2.5 med 64 masker. Eg gav sokkane til mor til kjærasten min som blei veldig nøgd med dei. 

Par nummer 16 blei ferdig 20 februar så desse må ha blitt skrive feil på. 

Desse er strikka i karisma og på pinne 3. Desse er i gi-bort korga og.

Par nummer 17 blei ferdig 21 februar
Dette innlegget er litt keisamt, desse er også strikka i karisma på pinne 3 og er i gi-bort korga. 

Par  nummer 18 blei ferdig 28 februar og ser slik ut: 

Desse har fletter i ribb frampå sokken for å gjere dei litt interessante å strikke. Dei passar meg ganske bra, men eg er litt usikker på om eg skal gi dei vekk eller ikkje. Om du lurer så er dei strikka i Drops Lima på pinne tre og flettene er ei over ei maske med to omgongar mellom kvar gong eg fletta og to vrangmasker mellom flettene. I februar ser det ut som om eg omtrent kun strikka i grønt, eg sakna våren og då vart det litt grønt på pinnane i staden for i hagen.

Par nummer 19 blei ferdig 3 mars. Du legg kanskje merke til at det er nokre dagar mellom 28 februar og 3 mars, det er fordi eg blei sjuk og låg strak ut og orka ingenting i to dagar. Sokkane var starta litt tidligare og ser slik ut: 


Desse også er strikka i Drops Lima på pinne tre, desse likar eg veldig godt og har gått med etter eg strikka dei!

Me snakkast veldig snart!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for at du vil legge igjen ein kommentar til meg!