onsdag 25. januar 2017

Par #4

Par 4 vart i følge ravelry ferdige 17 januar.. Ja, det måtte berre gå ei veke før eg fekk blogga om dei.
Som eg skreiv i forrige post så har det vore travelt i livet og eg har ikkje tenkt på blogginga.

Men par 4 er det de vil høyre om!

Dei er strikka i grå karisma på pinne 3 som dei aller fleste sokkane mine er. På dette paret strikka eg vridd 1x1 ribb som eg likar ganske godt, men den tar lenger tid enn andre typar ribb så det vert fort keisamt. Av og til så går det ganske seint med ribben og hælen for min del så det stoppar av og til litt opp for meg der. Tåa også. Eg treng litt meir konsentrasjon på dei delane enn når eg strikkar rett masker på resten av sokken og då er det ikkje ideell klasseromsstrikk eller hjernedødt strikk som eg har hatt litt behov for for tida. Desse sokkane er ganske "basic" og gamaldagse i og med at dei er grå og litt enkle.

Sokkar er ikkje så veldig vanskeleg å strikke, men nokre vert veldig imponerte når du først kan det og skjønar det ikkje. Om du aldri har strikka sokkar før så anbefaler eg at sjekker ut denne linken. Eit nytt mål eg har no er å skrive ned "sokkeoppskrifta" mi og dele den med dykk som les og dei som ellers vil ha den 😉. 

Er det noko du har lyst til at eg skal blogge om eller eit mønster eg burde sjekke ut så legg gjerne igjen ein kommentar! 

Stor klem frå Karen-Oliva

Par #3

Par nummer 3 blei også ferdig for ei stund sida, og det er fleire par som må bloggast som er strikka etter det. 
Livet (les: skulen) har vore ganske stress og mykje å gjere i det siste, så strikking og blogging har vore prioritert lågare. Blogginga vert nok prioritert ned heilt til eg er godt van med å gjere det. Men til sokkepar nummer 3!

Dei ser slik ut:


 Dei er strikka i brun og kvit Viking Sportsragg av ukjent årstall. Eg reknar eigentleg med at tråden er enten frå i fjor eller 2015. Mest sannsynleg 2015. Hm, ja, ein tenåring kan altså ha tråd frå fleire år sidan, men eg har ikkje tråd som eg kjøpte for tjue år sidan i og med at eg ikkje levde for 20 år sidan. Det gjer meg ei litt betre kjensle på innsida, men no er tråden endeleg strikka J
Ikkje noko avansert med desse sokkane, 10 rundar med 1x1 ribb og ein heil del omgongar med rettstrikk før eg strikka ein forsterka hæl.
Eg likar dei, dei er passe varme på skulen og fine å ha når eg chiller.

Helsing frå Karen-Oliva


Har du ei favorittsokke oppskrift eller mønster?

onsdag 18. januar 2017

Par #2

Par #2 blei og ferdig for ei stund sidan, me kan for å sei det sånn gjer det klart at eg ligg litt bak med blogginga om sokkane.

Men par nummer 2 er ferdig og ser omtrent slik ut:

Dei er strikka i Sterk frå Du Store Alpakka i ein farge som eg trur er gått ut. Garnet er frå djupt ned i lageret og har blitt sett på og ynskja strikka i lang tid. Noko av dei to nøstene eg hadde er no ferdig strikka og gått med.

Eg liker godt rustfargen i desse og sokkane er omtrent like mjuke som smør. Til no i år så har eg ikkje  brukt så mykje mønster i strikket mitt, men det vonar eg at kjem til å forandre seg snart.

Spørsmål: Kva er ditt favorittstrikkemønster eller oppskrift?

Klem frå Karen-Oliva

lørdag 14. januar 2017

Par #1 Pair #1

[ENGLISH VERSION BELOW]
Par #1 vart ferdig forrige veke, denne posten kjem då altså litt på etterskudd.

Det første paret er strikka i Østlandsgarn frå nille. Ja, eg er heilt klar over at det er hundre prosent (100%) ullgarn, men for å vere heilt ærleg så er eg ikkje ei som slit veldig på sokkane sine. Eg har brukt eitt nøste i ein korallrosa farge og eitt nøste i ein grå-brun farge. Eg hadde berre eitt av kvart nøste og hadde lyst til å putte dei i lag og sjå korleis det gjekk. Sokkane har heilt forskjellig utrykk synes eg når ein ser på korleis fargane speler i lag. Dei med den korallrosa ribben, hælen og tåa er MYKJE meir skrikande i fargen enn den sokken med den grå-brune som base-fargen. Til vanleg så ville eg nok heller ha gått med eit par sokkar som har den grå-brune basen, men eg likar desse òg. Dei er på ein måte eit av mine fargeeksperiment, korleis dei speler i lag på ein måte. Eg har lyst til å lage fleire slike par no! Men heile prosessen var litt strevsam i og med at eg skifta farge kvar omgong i leggen og foten, men det gjekk eigentleg ganske bra og det tok ikkje så lang tid frå eg starta dei til dei var av pinnane.

Takk for at du ville lese innlegget mitt! Legg gjerne igjen ein kommentar her eller på instagram (der er eg livasolheimslid)!

Stor klem frå Karen-Oliva!

Spørsmål til deg: Kva er favorittfargen din og kvifor? Liker du å eksperimentere med fargar?


fredag 13. januar 2017

Hei og velkommen! Hello and welcome!

[ENGLISH TRANSLATION IS FURTHER DOWN]

Hei!
Velkommen til bloggen "Oppdrag Sokker"! Eg, Karen-Oliva skal prøve å strikke 20 par sokkar no i 2017 og eg er godt i gong allereie. Til no, den 13.01.2017, har eg strikka ferdig 3 (!) par sokkar! Eg veit, eg er ganske sjokkert eg òg! Eg skal prøve å legge ut minst ein post per par sokkar som eg gjer ferdig, men målet er å få med postar om eg er ute med sokkane og har dei med på eventyr. Eg vil gjerne fortelje historia om sokkane mine etterkvart som dei vert strikka.

Eit av måla mine med denne bloggen er å kunne hugse sokkane eg strikker, men og resten. Det er eit av dei litt større måla mine i år. Eg strikker ganske mykje, men eg tar meg ikkje alltid tida til å ta bilete av det er strikker og då vert det plutseleg ein del vanskelegare å hugse kva ein har strikka og til kven! Eg har nemleg inga peiling på kor mange par sokkar eg strikka i 2016! Det eg veit var at det blei ein del til slutt 😉

Eg lærte å strikke sokkar før jul i 2014 og kvart år (med 2014) så har bestemor fått eit par sokkar til jul av meg, fjoråret blei den tredje gongen denne tradisjonen blei opprettholdt og eg tenker eg vil fortsetje med det framover. Aller helst burde eg jo strikke litt meir enn eit par til ho i året, ho fortjener det veldig!

Så her kjem strikkinga mi etterkvart!
Eg vonar (det betyr håper) at du kjem til å fortsetje å lese bloggen og følgje meg vidare i strikkinga!
Ein stor klem frå Karen-Oliva!

Spørsmål til deg: Kan du strikke sokkar og liker du å gå med heimestrikka sokkar?

[ENGLISH VERSION STARTS HERE]

Hello!

Welcome to the blog "Oppdrag Sokker" which means mission socks! I, Karen-Oliva (you can call me Liva), want to knit 20 pairs of socks in 2017 and I have already had a good start! Until now, the 13.01.2017 I have knitted 3 (!) pairs of socks! I know, I'm pretty amazed too! I'll try to post at least one post per pair of socks that I finish, but I would really like to do some posts of the socks out on adventures. I just really want to tell the stories of my socks as I knit them.

One of my goals with this blog is so that I can remember the socks that I knit, but also the rest of the stuff that I knit. It's one of my bigger goals this year. I knit quite a lot, but I don't always remember to take pictures of what I'm knitting and then I forget which year and what I knitted to whom. I really can't remember of the top of my head which socks I've knitted in 2016! But I do know that there was a fair few pairs finished 😉

This is where I'm going to post my knitting!
I hope that you want to continue to read my blog and follow along on my knitting journey!
A big hug from Liva!

A question for you: Do you know how to knit socks and do you enjoy wearing hand knitted socks?