mandag 6. mars 2017

Par #13 og #14

No vert det to par om gongen her! For å komme litt Ajour med sokkestrikkinga mi så må eg nesten gjere det. Sokkestrikkinga har allereie fått tendensar, tidligare var det lilla, no vert det grønt.

Par nummer 13 ser slik ut:
Desse ser litt meir avanserte ut enn ein del av mine tidlegare sokkar, og det er dei, men ikkje så mykje. Dei er strikka i Skogsgrøn Karisma (fargenr 47). Desse har fått falske fletter, desse har også mønster på framsida. Dei falske flettene vert ein type ribb med eit kast mellom rett maskene.
Før tåa så slutta eg å strikke flettene på sidene før dei på midten. Det er ikkje så veldig avansert å strikke dei, dei fleste av dykk som les bloggen veit nok allereie korleis de kan strikke dei.

Mønsteret er:
1. omg: *2r, 2vr* repeter *-* ut omgong eller så langt du vil ha dei falske flettene.
2. omg: *1r, 1kast, 1r, 2vr* repeter *-* ut omgong eller så langt du vil ha dei falske flettene.
3. omg: *3r, 2vr* repeter *-* ut omgong eller så langt du vil ha dei falske flettene.
4. omg: *1 maske rett av, 2r, ta den maska du tok av over dei to du strikka rett, 2vr* repeter *-* ut omgong eller så langt du vil ha dei falske flettene.

Det neste paret er også grønt:
I desse sokkane har eg tatt to nøster med fargen 533 og eitt nøste 531 i Viking sin Sportsragg. Eg byrja med å tvinne opp noko av 533 (den mørke fargen) i to omtrent like nøster, og så klipte eg tråden når eg vart lei, og så tok eg omlag halvparten så mykje med 531 (den lyse fargen). Desse knyta eg saman med ein type knute som heitte "magic knot" Link til video her.
Desse er strikka veldig enkelt, eg tenkte at garnet kunne få vise kva det var godt for og få spele på fargane.
Desse sokkane gav eg til bestemor no i helga, ho fortener verkeleg strikkesokkar! Det er mykje omsorg å hente hos bestemor, så då vil eg at ho skal få noko tilbake.

Har du strikka i sjølvstripande garn?

Helsing Karen-Oliva :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for at du vil legge igjen ein kommentar til meg!