lørdag 14. januar 2017

Par #1 Pair #1

[ENGLISH VERSION BELOW]
Par #1 vart ferdig forrige veke, denne posten kjem då altså litt på etterskudd.

Det første paret er strikka i Østlandsgarn frå nille. Ja, eg er heilt klar over at det er hundre prosent (100%) ullgarn, men for å vere heilt ærleg så er eg ikkje ei som slit veldig på sokkane sine. Eg har brukt eitt nøste i ein korallrosa farge og eitt nøste i ein grå-brun farge. Eg hadde berre eitt av kvart nøste og hadde lyst til å putte dei i lag og sjå korleis det gjekk. Sokkane har heilt forskjellig utrykk synes eg når ein ser på korleis fargane speler i lag. Dei med den korallrosa ribben, hælen og tåa er MYKJE meir skrikande i fargen enn den sokken med den grå-brune som base-fargen. Til vanleg så ville eg nok heller ha gått med eit par sokkar som har den grå-brune basen, men eg likar desse òg. Dei er på ein måte eit av mine fargeeksperiment, korleis dei speler i lag på ein måte. Eg har lyst til å lage fleire slike par no! Men heile prosessen var litt strevsam i og med at eg skifta farge kvar omgong i leggen og foten, men det gjekk eigentleg ganske bra og det tok ikkje så lang tid frå eg starta dei til dei var av pinnane.

Takk for at du ville lese innlegget mitt! Legg gjerne igjen ein kommentar her eller på instagram (der er eg livasolheimslid)!

Stor klem frå Karen-Oliva!

Spørsmål til deg: Kva er favorittfargen din og kvifor? Liker du å eksperimentere med fargar?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for at du vil legge igjen ein kommentar til meg!