onsdag 25. januar 2017

Par #4

Par 4 vart i følge ravelry ferdige 17 januar.. Ja, det måtte berre gå ei veke før eg fekk blogga om dei.
Som eg skreiv i forrige post så har det vore travelt i livet og eg har ikkje tenkt på blogginga.

Men par 4 er det de vil høyre om!

Dei er strikka i grå karisma på pinne 3 som dei aller fleste sokkane mine er. På dette paret strikka eg vridd 1x1 ribb som eg likar ganske godt, men den tar lenger tid enn andre typar ribb så det vert fort keisamt. Av og til så går det ganske seint med ribben og hælen for min del så det stoppar av og til litt opp for meg der. Tåa også. Eg treng litt meir konsentrasjon på dei delane enn når eg strikkar rett masker på resten av sokken og då er det ikkje ideell klasseromsstrikk eller hjernedødt strikk som eg har hatt litt behov for for tida. Desse sokkane er ganske "basic" og gamaldagse i og med at dei er grå og litt enkle.

Sokkar er ikkje så veldig vanskeleg å strikke, men nokre vert veldig imponerte når du først kan det og skjønar det ikkje. Om du aldri har strikka sokkar før så anbefaler eg at sjekker ut denne linken. Eit nytt mål eg har no er å skrive ned "sokkeoppskrifta" mi og dele den med dykk som les og dei som ellers vil ha den 😉. 

Er det noko du har lyst til at eg skal blogge om eller eit mønster eg burde sjekke ut så legg gjerne igjen ein kommentar! 

Stor klem frå Karen-Oliva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for at du vil legge igjen ein kommentar til meg!