fredag 3. mars 2017

Par #7

No er det lenge sidan eg har lagt ut sokker ser eg. Eg ligg LANGT bak skjema og skal prøve å få skrive ein del blogginnlegg på ein dag.

Her er då par nummer 7:
Desse er strikka i ein lavendel farga karisma og ein litt mørkare lilla-rosa som hæl. Desse vart litt harde synest eg, det er ikkje dei sokkane eg er mest nøgd med til no dette året, men eg trur det går bra. Om eg ikkje bruker dei så ender nok desse og opp i gåveskuffa. 

Det er eigentleg ikkje så mykje å seie om desse sokkane, dei er veldig enkle i og med at dei kun har glattstrikk på sjølve sokken og ein så kalla "slip-stitch heel", eg har då tatt av ei maske og strikka ei maske og gjentatt det ut omgongen på hælkappa og strikka vrongt tilbake. 

Eg har lagt merke til at karisma kan vere ganske forskjellig i korleis det kjennest ut. Nokre nøster er så mjuke som smør, medan andre, som desse sokkane var ganske harde og stive i tråden. 

Har du nokon gong opplevd stor forskjell i ein garntype? 

Helsing Karen-Oliva

1 kommentar:

Takk for at du vil legge igjen ein kommentar til meg!