fredag 3. mars 2017

Par #9 og #10

Par nummer 9 blei ein skikkeleg hit! Dei blei sendt til mamma!

Desse er det fyrste paret i år som er strikka med tynt garn og tynne pinnar. Dei er strikka i Saga frå Trysil garn kjøpt på Europris. Eg slo til når dei hadde tilbud på garnet og kjøpte meg nokre nøster i håp om at eg kunne få strikka meg nokre tynne sokkar å gå med. Det er ei stund sidan eg strikka sokkar med tynnare garn på pinne 2.5, så eg satt meg ned og rekna ut antall omgongar slik at dei skulle passe meg. Eg kan umogleg ha målt heilt rett for desse endte opp med å vere nesten to storleikar for store til meg, dei passa til mamma i staden! Så då blei jo ho glad når eg sendte dei til ho, men eg gjer nye forsøk på tynne sokkar. Eg har funne ut at det er fint med litt tynt garn når eg skal strikke på skulen, då tar det litt tid før eg kjem til hæl og tå så eg har meir å gjere.
Til no så er desse kanskje årets "flopp" for min del, men mamma fekk nye sokkar og då vart ho nøgd.

MEN par #10 vart ein stor hit hos meg!

Desse er strikka i Karisma frå drops (slik som veldig mange av dei andre sokkane mine er) og er veldig gode! Dei er strikka i fargane 21 (mellangr i fylgje ravelry) og 73 petrol. Eg ville prøve noko nytt med fleirfargemønster på sokkane mine og då vart dette løysinga. Eg fann på eit modifisert islender mønster som ikkje er så avansert og byrja å strikke.
Desse har eg brukt mykje, dei er litt meir kosesokkar enn dei er sokkar som er meint for å vere i joggesko, men dei er veldig gode  i fjellsko når det er kaldt ute. Eg har testa dei  i snøen allereie og då var eg kald på armane men varm på beina!


1 kommentar:

  1. #9 er heilt herlege å ha på seg. Lune, god og litt romslege kosesokkar :)
    #10 er så stilige :) Vert det genserstrikk på deg no?

    SvarSlett

Takk for at du vil legge igjen ein kommentar til meg!